|

Norsk Bridge




Bridge for alle

BBO

Bridgemagasiner.no



|
Solibakke - Midttveit vann måndag 20. februar
Det blei siger til Kåre Solibakke og Joleiv Midttveit måndag 20. februar. + 19 var 5 poeng meir enn Dag Christensen og Jørn Rekkum på andreplass. Delt tredjeplass gjekk til Kåre Kristiansen - Unni Skreslett og Frode Dyrstad - Tor Anders Hauge.
Resultat måndag 20. februar
Ikkje lett å koma rett ...
Kun eit par fann ein god kontrakt her. Les meir i spelarkivet (klikk på biletet under).

Trumfhøyning
Her er eit fint spel frå spelinga måndag 10. oktober:

Klikk på spelet for å sjå korleis det gjekk. Ytterlegare kommentarar ligg under spelarkivet.
Påmelding til 4. divisjon
Frist for påmelding av lag til 4. divisjon er 3. november. Turneringa blir som vanleg spelt på Høgskulen i Bergen. Første helg er 12. og 13. november, andre spelehelg er 4. og 5. februar.
Info om turneringa, adresse for påmelding osv ligg på kretsen si heimeside NBF Hordaland
I samband med 4. divisjon blir det og arrangert kurs for nybyrjarar og Ruternålsturnering (for spelarar med max Ruternål). Info om kurs og Ruternålsturnering finn ein på Bergen Akademisk si nettside Bergen Akademiske.
Link til påmelding Ruternålsturneringa: Påmelding Ruternålsturnering
Ein skvis
Dei siste kveldane før ferien var det mykje store kort ute og gjekk. Dette spelet er frå siste spelekvelden før sommaren med Frode og Tor Anders som nord-syd.

Klikk på spelet og bruk next-knappen for å spela det gjennom stikk for stikk. Ytterlegare kommentarar til spelet ligg under spelarkivet.
|
Simultanturnering måndag 27. februar
NBF startar med simultanturneringar denne våren. Det blir arrangert tre prøveturneringar i vår, og vi er med måndag 27. februar. Les meir om simultanturneringane i linken under.
Simultanturneringer våren 2012
KM par går 10. - 11. mars
Kretsmeisterskapet for par, som òg er kvalifisering til NM par, blir spelt helga 10. - 11. mars. Stad i år som i fjor er Marikollen skole. For innbyding og påmelding, følg linken under.
KM par 2012
Sterk tredjeplass til Tor Anders og Frode i Storturneringen
Storturneringen 2012 blei spelt helga 20. - 22. januar, og denne gongen blei det eit kjemperesultat for Frode Dyrstad og Tor Anders Hauge. Etter å ha kjempa i toppen gjennom heile turneringa, enda det til slutt med ein glimrande tredjeplass i A-gruppa. Gratulerer!
Resultat Storturneringen A-gruppa
Resultat Storturneringen - Mester
Lutro - Nitter did it again!
Jan Kristen Lutro og Trond Are Nitter frå Øystese og Rubbestadneset BK vann 2011-utgåva av Nyttårsturrneringa i suveren stil. Dei var med i tetkampen heilt frå start av, og slutta på + 172. Dette er andre gong paret vinn Nyttårsturneringa. Forrige gong dei gjorde det var i 2007.

Trond Are Nitter
Andreplassen med + 144,6 gjekk til Roger Træet - Tore Bårdsen frå Stord BK, medan Tore Kvarven - Jørn Thunestvedt frå Rubbestadneset/BAK blei nummer tre med + 123,4.
Turneringa blei avvikla med 33 par, og Leif Gunnar Kleppevik leia turnerringa med trygg hand frå start til slutt.
Vel møtt igjen neste år!
Resultat Nyttårsturneringa 2011
Resultat Nyttårsturneringa frå 2000 til 2011
10 000 kroner er no passert!

I desse dagar passerer Os Bridgeklubb 10 000 kroner i Grasrotmidlar. Det må seiast å vera bra på den korte tida som har gått sidan vi kom med i ordninga; vi kom med i august 2010. Pr. idag er det ti spelkort knytt til klubben, og vi tar gjerne mot fleire. For info om korleis du knytter ditt spelkort til klubben, sjå her, eller gå til Norsk Tipping si Grasrotside og søk på Os Bridgeklubb. Her kan du òg dela klubben på Facebookprofilen din.

Trekning 1. og 2. runde NM klubbar
Trekning av første og andre runde NM klubbar, som i år er slått saman til ein runde, er no foretatt. Gruppene med Os-lag i blei sjåande slik ut:
Pulje 36
Åsane BK 2 , Os BK 2 , Samnanger BK 1
Pulje 37
Åsane BK 3 , Os BK 3 , Melandsknekten 3
Pulje 40
Os BK 1 , Os BK 4 , Bergen Akademiske BK 5
Frist for speling av kampane er 4. desember. Kampane kan enten spelast som "vanlege" lagkampar, eller som Forbundet anbefaler som eit trelagsmøte (speler begge kampane samtidig).
Det ser ut som ei hard trekning for alle laga, men eit lag vidare til tredje runde frå pulje 40, der vi har to lag med, bør absolutt vera mogleg.
Terminlister 2011/2012
Termnliste for Krets og Forbund ligg under fana "Terminlister" øvst på sida.
Klar for Ruter
Frå og med haustsesongen går vi over til å bruka Ruter til resultatberekning på spelekveldane. Alt er ikkje ferdig enno, men nok til at det skal fungera greit til vårt bruk.
Spesielt er det på publiseringssida det framleis manglar ein del ting. Automatisk registrering av klubbpoeng etter kvar spelekveld fungerer heller framleis ikkje.
Slik vil det kunna sjå ut inntil ny publiseringsløysing er på plass seinare i haust.
Testturnering 18. juli
Slo til på Storefjell
Stig Gamlemshaug og Tor Anders Hauge var dei einaste av våre som hadde funne vegen til Storefjell for å spela Storefjellfestivalen 11. - 13. juni. Men om vi hadde få med var i alle fall resultata gode. I det 63 par store feltet blei det ein glimrande andreplass for Stig og Tor Anders. Kun Kåre Bogø og Bård Kåre Gresli frå Singsås BK blei for sterke.
Vi gratulerer så mykje!
Resultat Storefjell 2011
2. og 5.- plass på Mai-bridgen
Maibridgen 2011 blei som vanleg splet Kr. Himmelfartsdag på Rubbestadneset. For osingane som hadde tatt vegen gjekk det riktig så bra. Stig Gamlemshaug med makker Raymond Nesbø leia turneringa før siste runde, men blei forbigått og enda på andreplass. Joleiv Midttveit og Tor Anders Hauge spurta godt til 5. plass.
Resultat Mai-bridge 2011
Anne Merete held fram som leiar
Årsmøtet 2010-2011 blei avvikla i forkant av spelinga måndag 23. mai. Det var ingen større saker til behandling, og årsmøtet blei avvikla kjapt og greit.
Årsmeldinga viser god aktivitet og fleire gode resultat. Høgdepunktet denne sesongen er nok NM klubbar, der Os 2 nådde heilt til 5. runde.
Heile årsmeldinga kan lesast her:
Årsmelding 2010-2011
Årsmøtet blei avslutta med val. Dag Christensen gjekk ut av styret, og Joleiv Midttveit blei valt som nytt medlem til styret.
Styret etter valet ser slik ut:
Leiar: Anne Merete Heggland
Kasserar: Inger Marie Johansen
Styremedlemmer: Joleiv Midttveit, Linda Rasmussen, Leif Juvik
Revisor: Tor Anders Hauge
|
Turneringar/innbydingar
KM par 2012
10.- 11. mars
Marikollen skole
Fleire turneringar her
Resultat diverse turneringar
Storturneringen - Mester
21.- 22. januar 2012
Storturneringen A-gruppa
21.- 22. januar 2012
Os BK - Nyttårsturneringa
30. desember 2011
Åsane Bk romjulsturnering
27. desember 2011
Storefjellfestivalen 2011
11. - 13.. juni 2011
Storefjell Høyfjellshotell
Rute7 open - par
3. juni 2011
Kristiansand
Mai-bridge 2011
2. juni 2011
Rubbestadneset
KM Par 2011
4. divisjon 2010/11, avd 18
Storturneringen 2011 - Mester
22. - 23. januar 2011
Storturneringen 2011 - A-gruppa
22. - 23. januar 2011
Nyttårsturneringa 2010
Eldresenteret 30. des 2010
Åsane BK romjulsturnering
Åsatun 28. des 2010
Ruter 7 open - single
Tor Anders nummer 15
Ruter 7 open - par
Tor Anders Hauge - Elsa Undheim nr 15
Storefjellfestivalen 2010
Mai-bridge 2010
Stig Gamlemshaug - Raymond Nesbø nummer 5
KM lag 2010
Os på 4. plass
Åsane BK Påsketurnering
Dag Inge Torgersen og Oddmund Midtbø nummer 5.
Joleiv Midttveit - Oddvar Melchersen nummer 9.
Vossa-Cup 2010
Dag Inge Torgersen og Oddmund Midtbø nummer 2.
Storturneringen a-gruppa
Bjarte Midttveit og Anders Dale nummer 6
Storturneringen meister
Os Bk Nyttårsturnering
Leif og Joleiv nummer 3
Åsane Romjulsturnering
Mp-treff 2009 - måndag
Gamlemshaug-Moberg nr. 8
Fjellro-Fagerbakke nr. 12
Kolbotn BK 75 år
Dag Inge med makker nummer 5.
Åsane-Cup 2009
Tor Anders og Dag Inge nummer 7.
Modalstreffen 2009
Bjarte og Reidar nummer 4
Jørn og Dag Inge nummer 6
|