Spelarkiv




Ikkje så lett å koma rett her..


Dette spelet er frå spelinga måndag 30. januar 2012. Minor-kontraktar i parturnering blir jo "skydd som pesten" men av og til er det gull.



På bordet eg fulgte spelet opna vest med 1 hjarter. Nord dobla, og syd satsa på at 9-en femte i hjarter var hald og meldte 1 NT. Nord løfta til 2 NT, og det gjekk pass rundt.


Vest hadde utspelet, og det var ikkje vanskeleg å finna eit godt utspel denne gongen. Thea tok sine 6 hjarterstikk, og dett var dett. Ein beit.


Kun eit bord klarte å finna den gode kløverkontrakten. Gerd Nøttveit og Linda Rasmussen kom i 5 kløver (kjenner ikkje meldingane), tok 11 stikk og fekk ein velfortent topp. BOS (programvaren som dupliserer korta) påstår at 13 stikk er oppnåleg i kløverkontrakt, men då skal det spelast med fin hand.


----------------------------------------------------------------------------------


------------------------------------------------------------------------------------

Leif Juvik


Joleiv brillierer


Spelet under er frå spelinga måndag 31. oktober 2011. Med to ess og to tilsynelatande sikre trumfstikk skulle ein tru det burde bli fire stikk i motspelet, men Joleiv Midttveit som speleførar ville det annleis.



Vest: Joleiv Midttveit, Nord: Leif Juvik, Aust: Reidar Dale, Syd: Jakob Østrem


Meldingane gjekk fort unna. Joleiv opna med 3 hjarter og Reidar la på til 4 med pass rundt.


Kløver ut ville jo gjort susen, men Leif i nord starta med spar, noko som absolutt ikkje gjorde susen. Tre gonger den fargen frå topp, og alle kløverane på handa forsvann. Dermed var eit ess tapt for motspelet. Men det skulle bli verre. I fjerde stikk spelte Joleiv hjarter frå bordet til knekten på handa og kongen i nord. Kløver til knekt konge og steling fulgte i femte stikk, og deretter liten ruter mot bordet. Leif i nord spelte på at Jakob hadde ruterdama og at Joleiv ville velja feil og bruka knekten i bordet. Dermed liten, og ruterkonge vann stikket. Stillinga med sju kort att, inne på bordet:



Spar knekt og spar 3 blei spelt i dei to neste stikka, og ruter 10 og dame forsvann frå handa! Nord kunne stela den siste, men det var eit originalstikk. Dermed kun to trumfstikk til motspelet, og full pott for Joleiv og Reidar i poengprotokollen.






Trumfhøyning


Dette spelet kom opp under spelinga måndag 10. oktober 2011. Reidar Fosse - Thor Mathisen satt nord-syd, og Dag Christensen - Leif Juvik aust-vest.





Meldingane gjekk slik:


                                 Nord      Aust      Syd      Vest

                                  1 hj       pass      1 sp      2 kl

                                  3 hj       pass       4 hj       pass rundt


Etter dette meldingsforløpet var det ikkje vanskeleg for Dag å finna kløverutspelet. Etter tre kløverstikk var det store spørsmålet kva som var beste fortsettelsen. Beste sjansen for å få kontrakten to beit ser ut til å vera at sparess gjev stikk i tillegg til eit trumstikk hos Dag. Hjarter konge dobbel eller dame tredje er jo mogleg, men etter hopp til 3 hjarter i andre melderunde ikkje særleg sannsynleg. Men trumfhøyning (Dame dobbel eller knekten tredje) kan jo gå.


Men for at denne planen skal lukkast er det ein viktig ting; sparess må takast først, slik at ikkje speleførar kan kasta spartaperen på fjerde kløverrunde.


Etter at sparess vinn fjerde stikket er stillinga denne:



Når kløver no blir spelt er spelefører sjanselaus. Han valde å trumfa høgt på hand, gå inn på bordet på ruteress, og ta kutten i hjarter. Uansett så sikrar dette motspelet eit trumfstikk og kontrakten to beit.


Spelet kan spelast stikk for stikk her  Trumfhøyning


Leif Juvik



Det ordnar seg for kjekke gutter...


Dette spelet er frå siste spelekveld før sommarferien 2011, måndag 23. mai. Frode Dyrstad og Tor Anders Hauge meldte knallhardt. Har ikkje meldingsforløpet, men det stoppa i alle fall ikkje før 7 grand, med nord som speleførar. Utspel hjarter konge.



4+1+5+2 stikk er jo sikre, med aust er i den uheldige situasjon at han er åleine om å halda både hjarterfargen og kløverfargen. Det skulle fort visa seg å bli for mykje for han. Så stillinga med 4 kort igjen inne på nord si hand er denne:



Når nord tar siste sparstikket sitt er det takk og farvel for aust. Enten kastar han hjarter-dama; då står 10-en i bordet. Eller så må han la ein kløver gå. Då blir det kløver til konge, kløver til ess, og kløver ti tar siste stikket.


Heile spelet kan spelast gjennom kort for kort her




Mykje honnørpoeng er ikkje alltid nok


Desse to spela er frå spelinga måndag 9. mai 2011. Det var ein kveld med mange slem-spel og nesten slem-spel.


Spel nummer 23 såg slik ut:


Aust-vest disponerer her 32 honnørpoeng, og alle aust-vest para var samde om at 6 NT måtte vera tingen. Men det var det ikkje. Ikkje meir enn 10 sikre stikk i grand, men sparkongen sat i alle fall, så det blei 11 stikk på alle.



Litt tidlegare på kvelden kom dette spelet på bordet:


Eit honnør-poeng mindre her enn i det øvste spelet, men stikk-potensialet er mykje større. 15 enkle stikk om både kløveren og ruteren ordnar seg utan taper, men denne gongen blei det med 12 stikk, sidan syd måtte få på kløverkongen.


Kun Thea og Bjørn meldte slem på dette spelet.


Parturnerings-spel


Spelet under er frå spelinga måndag 29. november 2010.



Ved bordet der Leif og Reidar sat aust-vest og Bjørn og Thea nord-syd gjekk meldingsforløpet fort. Etter pass-pass opna Leif i vest med 1 NT, og Reidar løfta til 3 NT med pass rundt.


Etter dette meldingsforløpet måtte nesten Bjørn i nord finna eit major-utspel, og han valde ein liten spar. Denne gjekk til knekten i vest, og det var tid for å legga ein speleplan.


10 stikk kan sikrast med å spela ny spar på direkten (forutsatt at ruteren er gåande). Då er det kun spar-ess + ess-konge i hjarter til motparten. Ein annan plan er å spela ruteren til bunns med ein gong, og kasta spar og hjarter i bordet. Dersom kløveren sit veldig fint eller nord-syd er uforsiktig og kastar seg vekk i kløver kan denne planen gje alt frå 9 til 12 stikk.


Sjølv valde eg ein tredje variant, å ta kløverkutten i andre stikk. For det første kan kutten gå, og sjølv om han ikkje gjer det kan det henda nord-syd held fram spar-spelet.


Men Thea lot seg ikkje lura. Inne på kløverdame i andre stikk tok ho ein god tenkepause før ho la ned ess og konge i hjarter. Då dama stupte hos Leif var det ikkje meir å henta der og liten spar til Bjørn sitt ess kom kjapt.


Dermed blei det kun 9 stikk. Ein heldig middels på spelet blei det likevel for Leif og Reidar, då to bord kom i ruter-kontrakt.



Leif Juvik



Svart som f... nummer to


Dette spelet er frå spelekvelden måndag 8. november 2010. Om du ser litt lengre nede på sida her finn du eit spel frå 13. oktober 2008 som hadde mykje til felles med dette. Også då hadde ei av hendene 13 svarte kort.


Denne gongen var kløvertilpassen fin, og utfordringa var kun å få meldt storeslemmen der. 7 par prøvde, men ingen klarte det. 6 kløver blei meldt på to bord.



Ein beit ekstra


Spelet under er frå spelinga måndag 15. november 2010. Manglar meldingane, men Gerd Nøttveit i vest blei i alle fall speleførar i 4 spar dobla etter at syd hadde opna meldingane med 1 ruter.


Ved første augekast ser det ut til at nord-syd må skunda seg å ta eit ruterstikk og tre hjarterstikk for i det heile tatt å få med ein beit, men Stig Gamlemshaug og Stein Ole Moberg ville ha meir.


Etter å ha tatt dei fire raude stikka spelte Stig nok ein hjarter til trippel-renons i femte stikk. Hadde Gerd stole denne med spar 9 i bordet ville det blitt med ein beit, men syd kunne hatt spar ti eller knekt i staden, så ho valde å ikkje trumfa i bordet. Med det var feil denne gongen. Stein Ole trumfa med spar 8, og Gerd måtte trumfa over med kongen. Dermed hadde Stig sikkert trumfstikk med sine knekt-ti-fem, og 500 inn kunne bokførast.


Thea in action


Spelet under er frå spelinga måndag 13. september 2010. Thea og Bjørn Hauge vann denne spelekvelden med knapp margin, og dette spelet var sterkt medverkande til sigeren.



Meldingane gjekk slik utan innblanding frå motparten:


Bjørn         Thea

2 kløver*     2 spar

4 NT*         5 ruter*

5 NT*         6 kløver*

6 spar        pass


2 kløver var sterk. 2 spar viste i følge systemet minst fem kort i fargen, men førte i alle fall til at Thea fekk ein skikkeleg utfordrande kontrakt i fanget.


Litt flaks er det lov å ha, og Thea slapp det ubehagelege hjarter-utspelet. Kløver ti kom ut, til esset i bordet. Det var smått med inntak til hand for å få spelt spar mot bordet, hjarter ess måtte jo behaldast, men Thea løyste problemet elegant med ein liten spar frå bordet i stikk 2!


Etter denne innleiinga var resten plankekøyring. Same kva vest spelte når han kom inn på spar konge var det berre å stikka, ta ut trumfen og forlanga tolv stikk.


  Mange poeng å henta på småspel


Dette spelet er frå spelekvelden måndag 15. mars 2010. Honnørpoenga var fordelt 20-20 mellom aust/vest og nord/syd, så det blei kamp om kontrakten.



På eit av borda gjekk meldingane slik:


Vest      Nord      Aust      Syd

Leif F     Leif J     Olav M   Åse B

1 spar    pass      2 spar    dobler

pass      3 hjarter  pass rundt


Utspelet blei liten spar til esset i vest, og liten ruter kom i retur. Opp på kongen, og ei lita oppteljing var nødvendig.


Aust-vest disponerer tre av essa, så skal kontrakten vera liv laga må i alle fall trumfen spelast med kun ein tapar.


Valgte å spela på honnør-ti tredje i kapp, så i tredje stikk fekk hjarter 7 segla til kongen i vest. Fortsettelsen blei ruter ess og spar til kongen i bordet.


Kløver konge blei spelt frå bordet, aust stakk med esset og fortsatte i fargen. Dama vann stikket og ein ruter forsvann frå handa. Deretter blei ny kløver spelt til trumf på handa.ordet i stikk


Hjarter til ti-knekt og liten blei fulgt av enno ein kløver til stjeling med siste trumfen på handa. Den femte kløveren på bordet var no godspelt.


Spar frå handa til steling med den små trumfen i bordet, og endeleg i tolvte stikk kunne hjarter ess brukast til å ta ut siste trumfen hos motparten.


Den vesle godspelte kløveren tok siste stikk, og dermed var kontrakten i hamn og alle poenga på spelet i boks.

stikk.

17 ess


Ikkje mindre enn 17 ess var det i dette spelet frå måndag 5. oktober 2009. 5+5+2+5=17, og med 2 kløveropning i nord og positivt svar frå syd burde det ikkje vera vanskeleg å melda 7 NT her. 2 kløver - 2 spar - 4 NT - 5 spar (2 ess av 5 + trumf dame) - 7 NT. Nord kan telja minst 15 stikk når han veit om Ess-konge-dame femte i spar hos syd. At syd også har ruterkonge, og at hjarterfargen gjer 5 stikk blir bare ein bonus.



2000-klubben


Team 2000 var det eit lag som heite ein gong i tida. Kravet for å delta på laget var at ein måtte ha gått 2000 i beit ein eller fleire gongar. På spelevelden måndag 21. september 09 gjorde eit par seg kvalifisert for laget. Slik såg spelet ut:


Dårleg tilpass hos nord-syd gjorde at mange kom altfor høgt. Når aust-vest i tillegg fann motspelet på mange bord gjekk det verkeleg galt for N-S, enten det var spar, hjarter eller ruter-kontrakt. Men berre eit par kom med i 2000-klubben :)


Å få kontrakten på rett hand...


...er viktig. Berre sjå dette spelet frå spelekvelden måndag 20. oktober 08.



6 grand er nedlegg om kontrakten kjem på syd si hand. Hjarterkonge er beskytta, og spelefører kan lett ta 12 stikk. (6+0+4+2). I praksis er nok 6 spar også heime på syd si hand om ikkje då vest skulle klara kunsten å leggja ned hjarteress og halda fram i fargen Då veks aust sin spar til sikkert stikk.


På nord si hand derimot, går det galt. I 6 spar er det stor "fare for" at single hjarter kjem ut uansett. I grand må nok vest ha vore inne med ei hjartermelding for at den fargen skal koma ut.


Som resultata viser var det ingen som fann topp-kontrakten, men eit par klarte i alle fall å koma i 6 spar på rett hand.



2 x 7


To storeslemmar same spelekveld førekjem ikkje kvar måndag, men 21. september 09 skjedde det; og meir enn som så, det skjedde i to spel etter kvarandre i same runde!


Her er det første:


Ingen klarte å melda storeslem her, men alle klarte 13 stikk, enten i 4 eller 6 spar.


Spelet etter var dette:


Enno enklare å plukka 13 stikk i spar-kontrakt her, og denne gongen melde alle slem, og storeslem blei meldt på to bord.


Skal prøva å få lagt ut ein del spel her etter kvart. Først eit spel frå måndag 15. september 08. Syd gjevar, Nord-syd i sonen. Meldingsforløpet under var slik det gjekk ved vårt bord.


Torhild i Vest opna med i kløver, beste minor. Arvid hoppa inn med svake 2 ruter i Nord, 2 hjarter frå Leif i aust. Øyvind støtta til 3 ruter, Torhild støtta til 3 hjarter som blei letta til utgang med pass rundt.

Kløver ess blei spelt ut, og vri til ruter. Inne på esset blei trumfen tatt ut i tre rundar med aust inne etter siste runde. Liten spar til dama gjekk bra (skulle nok spelt spar-knekt), og ruter til steling på handa. Med seks kort igjen blei stillinga denne:



Med konge-ti blokk igjen i spar hos syd går det jo greitt uansett, men syd kunne hatt ein spar meir og ein kløver mindre for eksempel. Best er det vel no å fortsetta med spar knekt, og når Øyvind dekker denne får han behalda stikket. Skulle sparti komma på frå Nord er alt over. Om det sitt som i diagrammet blir syd tvungen til å avsløra seg om han held fram i spar. Alle andre fargar er like galt.

Om syd skulle ha ein liten spar å spela når han er inne på kongen har speleførar eit valg - enten å spela på 3-3 sits eller at syd hadde 4-korts spar frå start.

10 stikk gav minus 1 til aust-vest. Eit par hadde fått 11 stikk, etter at syd starta med ess-konge og ny kløver, og aust etter kvart kappa sparen to gonger og dermed spelte fargen utan taper.

Svart som f...


Dette spelet er frå klubbkvelden måndag 13. oktober 08. Nord såg svart då han tok opp desse korta:



13 svarte kort er ikkje kvar dag du får på handa, og dei to fargane var ikkje akkurat fordelt jamt heller.

  Som vanleg er på slike fordelingshender blei de litt forskjellige kontraktar. Dei fleste hamna i 5 kløver, og alle blei dobla i den kontrakten. Ein klarte å få kontrakten heim, dei to andre gjekk ein beit.

  4 spar vart og prøvd nord-syd, men utan hell.

  Aust-vest har og god rutertilpass, men 5 ruter blei for vanskeleg med både spar konge og hjarter-ess på rygg.

  Toppen aust-vest gjekk til dei som kom i 3 NT og fekk kontrakten heim. Med kløverutspel frå syd og framhald i spar når han kjem inn på ruter-ess går nok kontrakten beit. 1-+1+5+1 er eit for lite, men ikkje sikkert syd har spelt single køver ut, og då blir det fort heimgong med hjelp av hjarter-fargen i tillegg til ruterfargen.

SparTi, Monday, May 14, 2012